Nokre kveldstankar

Eg sit no her føre maskina, klokka er nærmare tre om natta. Eg har nett lese ein bråte sider frå Harry Potter og Dødstalismanene. Eg nærmar meg altso slutten på soga av serien eg har lese so mange gonger før. Eg tenkjer eg moglegvis burde ha skrive eit innlegg om turen til London for tre veker sidan. Det er mogleg det kjem ein stubb med bilete og litt til. Det er berre det at eg er heller dårleg til å hugsa på å taka bilete. Difor tenkjer eg stundom på å kjøpa meg eit kamera, so eg moglegvis vert betre til å bruka det.

Eg tok derimot eit bilete og la ut på instagram her om dagen:

 

Slik gjekk det altso til at eg kjem til å skriva ei bacheloroppgåve på bokmål.

Eg har vel tidlegare nemnt at eg tenkjer å fara på utveksling til Island. Eg tek i alle fall islandsk no og trur eg har greie nok framsteg. Men eg møtte på ein studerande islending her om dagen, ein eg kjenner litt til frå før. Han meinte det ideelle var å taka eitt år, so eg klarer å læra språket – og ikkje minst oppleva litt anna enn islandsk haust og vinter.

Teknisk sett passar det ikkje med meir enn eitt semester inni masteren, men eg trur eg har gode argument for å få stønad for eitt semester til. Slik eg ser det, so er det heilt uproblematisk, særleg når eg likevel truleg byrjar på master etter jol. So kann henda eg skal prøva å taka eit heilt år, eg trur det kunne ha vore fint. Det vil likevel tyda at eg då lyt gå ut or målrørsla for ei stund. Og det ville vore rart å forlata målungdomsrørsla om allereie eitt år. Det hadde sjølvsagt ikkje vore noko i vegen for å flyga heim og fara på tilskipingar og slikt, men eg ser det vil verta eit sakn å ikkje ha styrearbeid. Nett no sit eg i landsstyret åt Målungdomen, styret åt Studentmållaget i Bergen og skulemålsnemnda åt Hordaland mållag.

Men det hadde nok ikkje vore noko i vegen for å skipa anten Reykjavík mållag eller Studentmållaget i Reykjavík. Ein finn alltids andre nordmenn på dei raraste stadene. Det er i alle fall so mange ting eg ynskjer å gjera.

Målet er sjølvsagt å stå att med ei mastergrad og etter kvart ein jobb. Eg får vurdera kva eg skal gjera på vegen mot dette. Men det verkar i alle fall fornuftig med utveksling i alle fall eitt semester.

No trur eg jammen det det er på tide å leggja seg, etter å ha spela litt FM før eg var ferdig med dette innlegget, so er klokka vorten nærmare kvart på fire.

Håkon


Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s